Ny tagge leik (som eg iallefall ikkje har vore med på før)
Mi venninne Linda har tagga meg, og her er reglane:
Ta opp den boka som er nærast deg. Slå opp på side 123 og finn den femte setninga. Skriv ned dei neste tre setningane. Tag fem personar, og fortel kven som tagga deg.
Dei aller næraste bøkene mine er lommeboka og studentkalendaren min. Sidan dette blir for kjedelig å skriva om (i studentkalendaren min er side 123 den 27 november, og den dagen noterte eg visst ingenting!), så tar eg den nest næraste boka, nemlig nynorsk ordliste. (Er eigentleg litt usikker på kva som var den næraste boka, for bokhylla mi er rimeleg nær. Denne boka var nok likevel litt framfor dei andre bøkene). På den 123 sida, "setning" 5-7, står det;
høgborg|a
høgbrot(t)|et
høgbygg|et
Morosam leik, men trur ikkje at eg gidd å tagga nokon i denne omgong... Men eg takkar Linda for at eg klarte å oppdatera bloggen min i juni ;) Får sjå om det ikkje blir fleire innlegg snart!!!
søndag, juni 15, 2008
fredag, februar 29, 2008
Flaks for meg at 2008 har 29 dagar i februar, så rakk eg å skriva innlegg i februar og :P Såvidt...
Her er det vinterferie og snart praksis, men nok å gjera på for å sei det sånn!! (=
Og eg lede framleis ludo-turneringa!

onsdag, januar 30, 2008
Ludo....
tirsdag, desember 25, 2007
Årskavalkade - 2007
Det er juletid, og ikkje lenge før me går inn i år 2008. Eg tenkte eg kunne ta for meg det året som har gått, og nemna enkelte større og mindre høgdepunkt som har skjedd i mitt liv. Har nok ikkje fått med alt det viktiga, men prøver likevel.
Januar:
Året byrja såvidt på Lanzarote, men allereie 1. januar for turen vidare til Kongsberg og så vidare til min kjære Jo Sølve i Årdal, og der hadde eg det koseleg fram til skulen og livet i Kongsberg byrja att. Der byrja eg å lysa i augene på folk, og så byrja eg med nokre helgevakter på bergverksmuseumet i Kongsberg. Eg blei med team Bremnes på Bowling i Tønnsberg. I januar fann eg itillegg ut det revolusjonerande faktum at eg er pi-halve låg.
Februar:
Februar starta med årets største begivenhet for min del, nemleg forlovelse den 2/2. Etter ei strålande helg i Oslo følgte helgene på med tur til Kåpe og bursdagsfeiring med veldig koselig besøk, før det var vinterferie og litt jobbing.
Mars:
I mars var det og jobbing, litt turar til Oslo, og dessutan innflyttingsavskjedsogdobbelbursdagsfeiring... (= I tillegg gjekk tida med til fifa og billiard.
April:
I april var det påskeferie, invielsesfestar, påskeshow, og så laga eg påskemiddag. Rart, men veldig koselig å vera i Kongsberg i påskeferien min. Eg fann dessutan ut at eg hadde litt lite plass på pc'en min, og kjøpte meg ein ny ekstern harddisk.
Mai:
Herlig vårmånad. Byrja med eksamensstress, men det kom seg etter den 15., og byrjinga på sommarferien var rettogslett herleg! Det blei ein koseleg tur til Sverige, eit par grillingar, og kalde colaar/is ved elvekanten. Flytta ut av leiligheten min.
Juni:
Me reise på ein ny tur med team Bremnes til Tønnsberg for å bowla, og deretter gjekk turen vidare heim til Fitjar. Eg byrja å jobba på synssenteret, og lærte masse morsomt og fekk med meg sommarrevyen. Eg var på besøk i Årdal i friveka mi, og den 21. juni blei eg tante for fyrste gong. Herlig!!
Juli:
Juli var meir jobbing, før ferievekene gjekk til nytt besøk hos Jo Sølve i Årdal, før eg reiste vidare til Kongsberg for å flytta inn i tidenes kollektiv!
August:
I august var det litt meir jobb før barnedåp i Oslo og studiestart. Ellers fekk eg putta inn ein liten tur til Tusenfryd.
September:
Blant anna Hillsongkonsert i Oslo spektrum og bryllaup på vestlandet stod på programmet i september. Dessutan byrja eg å synga i kantoriet på grunn av Helene.
Oktober:
Denne månaden blei ganske amputert på grunn av at min gode venn, Isak, døydde, så eg må heilt ærleg innrømma at eg ikkje hugsar så masse anna som skjedde akkurat då...
November:
Månad full av innleveringar og kulde. Kollektivet blei fullt med tepper, dei elektriske omnane vart skrudd opp og veden vart godt brukt. I tillegg song me konsert med kantoriet.
Desember:
Denne månaden kan ein lett dela i to. Den første delen var veldig full av eksamenar, tenking på eksamenar, lesing til eksamenar og dårlig samvittighet for kvart sekund som ikkje vart brukt til å lesa til eksamen. Det var eindel koselege ting denne første delen av månaden (som julebrus, juleexplosion, andre møter og liknande). Den 19. desember kom julaferien, koselig julaselskap, juleshopping og tur til Lanzarote. Varmen og sola er nyyydeleg. Det burde vera obligatorisk med ein sydentur i løpet av vinterhalvåret for litt solterapi! Her har eg feira koselig jul, og så skal eg snart reisa tilbake for å feira nyttårsafta i Kongsberg. Dersom eg klarar å komma meg heim herifrå... (=

torsdag, november 15, 2007
Sånn er det...
Det er ein veldig spesiell månad som har gått forbi, men no byrjar kvardagen å bli normal att!
Ute er det veldig kaldt, og det er ikkje så værst her inne heller. Men heldigvis har me ved og tepper (i mangefleirtal)... (=
Ellers så vil eg sei at eg er utrulig takknemlig for alle dei flotte folka som eg har rundt meg!
That's it for now...
torsdag, oktober 11, 2007
Isak!
Min kjære venn...
Eg forstår endo ikkje kva som har skjedd! At du berre kan bli vekke på den måten... At ei bilulykka kan ta deg i frå meg. Ta deg i frå alle oss som brydde oss om deg. Og eg veit at det var mange som brydde seg om deg! Det er ikkje rart, for du brydde deg verkelig om alle vennene dine. På kjempekort tid rakk du å bli ein av mine beste kammeratar! Du tok deg tid til meg når eg hadde bruk for det. Du hadde ein eigen evne til å få meg glad og til å føla meg verifull. Eg saknar deg ekstremt! Eg kjeme aldri til å gløyma alt me har gjort i lag, og eg kjeme aldri til å gløyma den du har vore for meg!
Me snakkast i himmelen!!!!
søndag, september 30, 2007
Lambi og jobb og sånn...
Først må eg fortella at kollektivet mitt (me er 4 stk) har kjøpt 68 rullar med Lambi toalettpapir. Alt dette fordi det følgte med ein søt liten sau per 17. rull med toalettpapir.
Apropo kollektiv så må eg ta med at det er veldig koselig å komma heim frå jobb og til ferdig middag! (= Thank you very much good people! (=
Har forresten jobba både i går og i dag, og det er veldig greitt! Spesielt når ein jobbe med snille folk som bake kaka og sånn!! (=
Dessuten reknar eg med at eg skal til oslo neste helg, så då er det berre å ta kontakt dersom nokon skulle få lyst til å vera med meg... (=

Abonner på:
Innlegg (Atom)