Eg har pause i eksamenslesing, for no er det halvannan veke til neste og siste eksamen. Det er deilig! Endeleg har eg litt fritid att. Sånn på skikkelig. Eg søv mykje. Trur eg har eit underskot på søvn.
I dag glømte eg at det var Kristi himmelfartsdag. Eg stod opp, og tenkte meg ein tur ppå biblioteket, men det var stengt. Det er nok fordi eg har hatt skulefri frå før mai byrja (utanom eksamenane, altså), så det går litt surr i dagane.
Eg tenkte eg skulle ta meg ein tur til Kongshaug snart. Det har vore planen lenge. Men eg manglar pengar og tid. Ville helst ha høyrt på eksamenane. Hovudinstrument, altså!
Tida går heilt vannvittig fort. Til og med dette året her, som er trudde skulle berre vera tungt og teit på grunn av realfag og 9 timars undervisning på onsdagar, har gått heilt ekstremt fort. Eg trur det er litt positivt, men eg er samstundes litt skeptisk. Eg har vel strengt talt ikkje hatt tid til halvparten av det eg hadde tenkt å gjera i år.
Der var iallefall eit lite livsteikn.
torsdag, mai 25, 2006
fredag, mai 19, 2006
4 unnagjort, 2 igjen
No er det 2. klasse biologi som gjeld. Eg skal lesa. Eg skulle lest no!
17. mai var ein fin dag, men med litt dårlig vær!!
Eg var blant anna og såg på kongens garde. Utrulig stilig!
I kveld er det idol finale. Joda, eg har nok sett litt på idol i år og.
Kven syns de at bør vinna??
Så lar me det vera dagens spørsmål...
17. mai var ein fin dag, men med litt dårlig vær!!
Eg var blant anna og såg på kongens garde. Utrulig stilig!
I kveld er det idol finale. Joda, eg har nok sett litt på idol i år og.
Kven syns de at bør vinna??
Så lar me det vera dagens spørsmål...
Abonner på:
Innlegg (Atom)