torsdag, september 28, 2006

Nervepirrande!!



I kveld har eg hatt besøk av 4 folk. Dei hadde to sakser. Og eg har aldri vore så nervøs for ein hårkløpp i heile mitt liv...

(takk til henning sitt kamera!)

onsdag, september 27, 2006

Optikar!!

Vel, så er det nok nærmare 3 år til eg verkeleg kan kalla meg for ein fullverdig optikar, men etter eg i går stappa handa mi i noko av det værste eg har lukta på, åt eit auga av gelantin og oliven og drakk noko blå væska, så er eg herved ridder av arterie ophtalmica!!!

mandag, september 25, 2006

Inspirert av løvebakken?

Avogtil manglar eg innspirasjon til å skriva blog.
Berre nokre gongar kjem det nokre fornuftige ord på bloggen min.
Cirka.
Det vil sei at eg somregel berre skriv tull her.
Egentlig irriterer det meg litt.
For det at fører vel til at folk ikkje gidd å lesa.
Gjennomsnittet på kommentarar per blogg-innlegg har eg ikkje gidda å rekna ut.
Har heller ikkje sånn tellar som kan tella kor mange folk som er innom her.
Ikkje har eg tenkt å skaffa det heller.
La folk lesa det dei vil, og lavera å lesa det dei ikkje vil.
Men kven bryr seg likevel??
No er har eg budd i Kongsberg i halvannan månad.
Og eg har funne meg godt tilrette igrunnen!
På skule og ellers!
Quality by??-
Reiser likevel snart ein tur til oslo sånn by the way.
Så skal me ha optikardåp på tirsdag.
Tredjeklassingane seier at du ikkje kan bli optikar utan å vera døypt, så.
Underlig egentlig.
Veit ikkje heilt kva som skal skje der, men tippar me må eta eitelleranna ekkelt!
Werri diskøsting liksom.
X-antal gelantin-auger, kanskje?
Ynskjer alle ein fin dag!!
Zånn uanzett!! :P
Ærlighet varer lengst!
Øv på lekser,
Åsså må alle hade bra!

T-t-tog du an? (ja, eg veit at eg framleis berre skriv tull...)

søndag, september 24, 2006

Eg undrast!

Denne helga har eg lurt eindel på kva det vil seie å vera normal. Eg veit ikkje kva det er, eller kven som er det, men eg er rimeleg sikker på at det ikkje kan vera meg. Men nokon må jo vere meir normale enn andre, eller? Men er eg den normale meg? Og når er eg isåfall den normale meg? Denne helga har gått med til meir lekser enn normalt. Så då er det iallefall unormalt?!

I kveld skal eg spela piano på møte her i Kongsberg. Før eg byrja på Kongshaug var dette normalt, men det har så å sei ikkje skjedd etter den tid. Derfor kvir eg meg litt.

Men eg trur eg gler meg mest :)

onsdag, september 20, 2006

Den siste veka:

- har eg ledd så masse at eg seriøst har hatt skikkeleg gongsperr i magen min.
- har eg opplevd sol og 25 grader.
- har eg vore i bryllaup.
- har egreist 13 timar med tog.
- har eg sendt meldingar for å overtale ei som eg ikkje kjenner til å flytte til Kongsberg.
- har eg songe litt igjen.
- har eg kjøpt nye skolisser.
- har eg lest juleevangeliet.

Men no skal eg laga meg middag.
Have fun!

tirsdag, september 12, 2006

Har du...

...nokon gong vore så trøytt at du, etter middagen, pakka mobiltelefonen inn i plastikk, og la den i kjøleskåpet?

mandag, september 11, 2006

Øyeblikk frisk!

Eg er tett i nasa. Og tett i hovudet sånn sjenerelt. Eg har brukt opp ein heil dorull i forsøk på å tømma hovudet for diverse væsker, utan at det byrjar å bli tomt. Det er litt slitsomt. Nysing og. Noko som eg og har gjort eit utal gonger i løpet av dagen. Dessutan er det litt vanskelegare å sova når ein er tett! Men eg er snart frisk att. Så det så!

I dag har eg fått meg jobb. Litt servering og sånn. Så det er finfint!

Brann vann! I Bærum-blærum.

Eg skal gå å laga meg ein kopp med te eller noko sånnt. Jah. Og så vil eg sova. Sjølv om klokka ikkje er halv ti eingong.

Hurra?

lørdag, september 09, 2006

Frisk som ein fisk?

Nei, lat som ei padda, slimette som ein mark (okei, kanskje ikkje...men likavel), og sløv som eit dovendyr!

torsdag, september 07, 2006

Hurra for gratis

Eg har fått sånn ting som eg kan sjekka om du ser heilt på trynet gale med, så har eg fått verktøy til å skru på brillene dine med, og eg har fått plakat av auga, ei sånn pennelykt som eg kan sjå på auga ditt med+++++++ av "Essilor".
Kven er først i køen min?? :P

mandag, september 04, 2006

Delte kjennsler!

Det er rart å bu i Kongsberg når Oslo låner dei fleste folka som eg kjenner. Ikkje missforstå; eg likar framleis Kongsberg, så eg har eit forslag: Alle som kjenner meg kan flytta hit!!!! Eg saknar å ha folk som eg har kjent lengre enn 3 veker rundt meg. Det er spanande med nye folk og nye plassar, men eg skulle rettogslett gjerne hatt med meg noko som kunne minna meg om fortida mi.

Sånn utanom det så byrjar eg å føle at studielivet her er ein vane. Eg har liksom lært kva auditorium/klasserom eg skal vera i i dei ulike timane, og eg veit kva bøker ein skal ha med seg. Dette er fint, for eg har alltid likt rutiner i livet mitt.

Forresten så kan eg nemna at det har vore sol her kvar einaste dag sidan eg skreiv at det berre regna :P