søndag, april 23, 2006

Enkelt og greitt...

Grunnen til at eg ikkje har fått oppdatert er at eg framleis er rimeleg travel. Men eg har tenkt at eg ikkje skal plaga dåke som faktisk les bloggen min med kor travelt eg har det, og kor mykje eg kvir meg til eksamen, så derfor skal eg prøva å skriva om andre ting. For eksempal kan eg skriva om...

...våren!
Er det ikkje fantastisk? Sol, lettare klede, mindre varme på inne. Eg og Veronica hadde rettogslett lunsj i frognerparken her ein dag. Det er så utrulig deilig å berre sitte i sola. Eg blir i utrulig godt humør av det!

Og så kan eg sei at eg gler meg kjempemasse til sommarferien! Og at eg skal prøva å oppdatera litt oftare. Og at eg veit at eg ikkje bør byrja alle setningane med ordet "og".

tirsdag, april 04, 2006

Travle Åshild

Eg likar det eigentleg ikkje. Denne ekle travle tilstanden. Jo, kanskje eg likar den litt av og til. Men ALT er så travelt for tida! Har ikkje tid til halvparten av det eg gjer, og i tilleg skulle eg ha gjort 100 ting til!

Hovudsakleg er grunnen:
- Eksamen om 4 veker. Det er skummelt.

Og så har eg begynt å trena. EG har begynt å trena. Eg pleier å sømja ein gong i veka, og trener styrketrening to. Sånn ca då. Men det kan varierast litt. Og dette har eg klart å halda på med i ein månad no. Målet mitt er at det skal fortsette slik!!!

Dette (altså hovudsakleg skulearbeid,) resulterer i mindre tid til slike luksusaktivitetar som internett og tv-sjåing. Og no skal eg snart gje meg med vevsurfing for i dag...