Det er mørkt ute. Eg har dataen framfor meg på kjøkenet mitt, (ja, eg veit det er litt uvanleg å ha dataen på kjøkenet, men eg har stort kjøken, så det går bra!), medan eg høyrer tv'en i bakgrunnen frå stova. Eg er aleine i leiligheten min, noko som slett ikkje er så uvanleg sidan eg bur for meg sjølv:P Tidligare i dag byrja me med eit nytt fag som vert kalla visuell optikk, altså den delen som har med synsundersøkelsar ogliknande å gjera. Det er positivt, og eg er framleis gira. På å bli otikar, altså. Men hausten har komme for fullt, og det virkar nok litt inn på humøret mitt, noko som vil sei at eg ikkje smiler 24 timar i døgnet, men kanskje 22...
I går lagte eg pølsegrateng heilt frå bottenen av. Det har eg aldri gjort før, men det var artig. Og på tirsdag hadde eg to venninner på heimelagapizza. Så no er eg iallefall litt nøgd med matlaginga mi for denne veka :P
Det var det eg hadde å sei i øyeblikket... Have fun in the sun!