tirsdag, desember 27, 2005

Julefeiring - for fyrste gong framandt land...

Fyrst nokre stikkord for julefeiringa mi på Lanzarote:
Julaftan - strand, bølgjer, frokost og formiddagsmat med varm sjokolade ute, gudsteneste, roastbiff med potetsalat (uvant) til middag, opna pakkar (rekord få, men det var planlagt), tilbake til kyrkja for å lage juletilstelning med julestemning til andre norske i omkrinsen...
Juladag - gudsteneste på røde kors sin base, meir sol, strand, bading og den same gudstenesta på sjømannskyrkja, før pinnakjøt (ein dag forsinka...)

Dette er litt spessielt, men eg har det veldig fint! No skin sola, og eg skal snart eta frukost att...ute!
Ha ei framleis god jul!

mandag, desember 19, 2005

Jul, jul, strålande jul...

glans över hvita skogar! Men det er ikkje så frykteleg mongen skogar her på Lanzarote:)
No er eg altså framme i dette fine landskapet, og kosar meg. Eg stod opp 03.45 i natt for å rekka flyet, og har nesten ikkje sove sidan. No er klokka blitt 20.30 i norsk tid, og eg er jo då forferdeleg trøytt! Det er ikkje så mykje å sei om turen min enno, for dagen i dag har vore veldig roleg.

Dersom det er nokon som lurer på kvifor eg har brukt same overskrifta som både Ingeborg og Inger har brukt før meg, så er det fordi eg tenkte, før dei brukte den overskrifta, at eg ville bruke den overskrifta. Men så tenkte eg og at det var for tidleg å gjera det tidleg i november, når eg først kom på tanken.

Anyway: eg vil ynskja dykk alle ei strålande jul, og eit signa, fredfullt og herligt nyttår!
Julaklem frå Åshild som sit ute og et måltid med over 20 grader, sjølv om det ikkje var så mykje sol i dag...

torsdag, desember 15, 2005

Julaferie!

No har eg vel iallefall sånn nesten offisielt julaferie!!:) Så fantastisk deilig! Hadde eksamen i kjemi i dag, og det gjekk rettogslett over all forventning! Og så kjøpte Jo Sølve dei ti nydeligaste rosene eg har sett til meg på måndag! Dessutan er det berre ca 4 døgn til flyet mitt går til Lanzarote:) LIVET ER GODT!

mandag, desember 12, 2005

To år, faktisk...!

Eg les til eksamen. Eller, eg har iallefall lest litt i dag. No sit eg jo berre her og skriv...
Jo Sølve og førebur seg til eksamen. Men han skal ha eksamen i dag. Og han er sjølvsagt ikkje ferdig med den før halv sju tida. Og så skal han ha ny eksamen på torsdag. Stygge eksamenar. I dag er det altså rimeleg nøyaktig (...eh, 366+365 = 731? dagar...eh) to år sidan eg og Jo Sølve blei i lag. ( Det vil sei to år sidan Sigurd kom å banka på døra di Silje:) , men det har eg nesten klart å fortrenga... ) Skulle gjerne ha feira no, men teite eksamen(ar) er i vegen. AAAAH. Blir litt galen. Har så å sei ikkje sett Jo Sølve på ehhh, lenge. Eller, dei få gongane eg har sett han har me vore ilag med ein heil haug med andre folk, og då er han liksom, ikkje så unaturleg, meir oppteken av alle dei andre enn av meg. Glede meg til eksamenane er ferdige! Og då er det julaferie. Julaferie kom til meg!
Forresten så skal eg ein tur til Jo Sølve i kveld, for første gong på 9 dagar. Glede meg :)

onsdag, desember 07, 2005

Utan tittel, mål og meining :)

Hallo då!
Eg vil vera med på julakonsertane til Kongshaug! Eg kan ikkje fordra å vera andre plassar enn der det skjer. Snart trur eg at eg vert litt galen. Hmmm, kanskje eg må ta meg ein liten tur til Kongshaug? Har forsåvidt siste dag på skulen i dag, sånn uten om eksamenen min i kjemi. Det er iallefall deilig!!!!! Men eg må jo nesten vera her å lesa til den eksamenen... Kanskje etter nyttår ein gong, då?

I kveld skal eg på julabord i misjonssalen. Det vert iallefall litt koselig!
Her regnar snøen litt vekk i dag, men han kjem nok attende:)
Eg vil ha kaffi! NO!

tirsdag, desember 06, 2005

Funnybunny :/

I går og i dag har eg bestillt både tannlegetime og vaksinasjons time. Dette er litt skummelt. Eg kan ikkje fordra sprøyter, men eg må ta ei på grunn av at eg var i Afrika. Og dessuten lurer eg på om eg har karius og baktusar i munnen min. Eg har ca aldri hatt det før, men er litt redd no. Eg har ikkje vore hos den vanlege tannlegen på 2 og 1/2 år... Tenk om eg må rotfylla då? Neeeei, eg vil ikkje. No vart eg skikkelig redd! Men tannlegetimen er ikkje før den 10. januar, så eg har iallefall ei stund å kvi meg på!

søndag, desember 04, 2005

Stille søndag...

Først vil eg eigentleg beklaga den forige posten min. Det er kanskje eigentleg ikkje meininga at de skal måtta lesa på slikt, men eg hadde ein liten kjemifrustrasjon... For å sei det sånn: eg vert ikkje akkuratt fornærma dersom folk ikkje gidd å lese alle dei fæle orda!

Ellers kan eg fortelle at eg var ein tur innom Halsle kirke i dag. Eg tok turen heilt aleine, kom to minutt forseint (preludiet var i gong), og sette meg på ein av dei bakerste benkane. Gudstenesta skillte seg ikkje så veldig ut frå dei andre eg har vore på i det siste, men etter kyrkja var det kyrkjekaffi. Slikt er jo litt skummelt når ein ikkje kjenner nokon, og gjennomsnittsalderen på folka er over 70 år. Ei av damene kom å helste på meg, og plutselig satt eg på eit bord med 6-7 pensjonerte folk. Dette var faktisk utruleg koselig. Eg vart sittande å snakka med desse damene i ein halvtime. Artig altså!

lørdag, desember 03, 2005

Liten innføring i kjemi:

Syrer, ion, proton, eksoterme reaksjonar, grunnstoff, pH, indikatorar, ionebinding, halogen, atom, redoksreasjonar, oksidering, alkaliemetalla, basar, endoterme reaksjonar, periodesystemet, molekyl, edelgassar, nøytron, mol, kjemisk likevekt, molar masse, enkelbindingar, støkiometri, elektronskumodellen, hydrogenbinding, likevektskonstant, Le Châteliers prinsipp, fellingsreaksjonar, oksidasjonstal, alkan, korrosjon, oksid, løysleiksreaksjonar, spalting, elektron, kjemisk formel, Avogadros tal, van der Waals-binding, isotopar, dobbelbindingar, elementærpartiklar, ladning, skalmodellen, innskotsstoff, radioaktive grunnstoff, valenselektron, oktettregelen, elektronegativitet, ioniseringsenergi, aktivert kompleks, alken, krystallar, kovalent binding, metallbinding, dipol-dipolbindingar, formelmasse, stoffmengde, empirisk formel, reaksjonslikning, enzym, katalysator, protonovergang, sur nedbør, legering, spenningsrekka, organisk kjemi, hydrokarbon, alky, raffinering, trippelbindingar, strukturformel, tetraedervinkelen, kalottmodell, sidegrupper, isomerisering, krakking, reformering, esterar, karboksyl-syrer, actunoider, aktiveringsenergi, anioksidant, aqua, drivhuseffekt, kongevatn, krystallvatn, lakmus, lantanoid, hypotese, elektronskal, falsifisering, filtrering, titrering, fraksjonert destillasjon, periode, ionegitter, irreversibel reaksjon, ligand, metall, metta løysing, nøtralisering, gruppe, polar kovalent binding, protolysegrad, syntese, stereoisomere, PVC, overmetta løysing...

Eksamen om 11 dagar...

torsdag, desember 01, 2005

Å eta, eller å ikkje eta...

...det er spørsmålet!

Å eta, no et eg, i går åt eg og eg har ete.
Nett no et eg skjeva med "kokt juleskinke", agurk og majones.
Snart skal eg eta skjeva med leverpostei agurk og majones. (ja, agurk og majones kan kominerast med nesten alt!)
I går åt eg fleire skjever, bananer, mysli, mandariner og bollar.
Eg har ete fleire titals tusen måltid i løpet av livet mitt.

Mat altså. Eg lurer på kor mykje tid som eigentleg går med til å tenka på mat i løpet av eit liv. "kva skal eg ha til middag i dag", "den fisken smakte skikkelig dårlig", "ååååh, eg vil ha sjokolade", "i jula skal eg eta masse".

Eg lurer på om eg skal ha som nyttårsforsett å kjøpa mat til minst 5 stk som ikkje har pengar til det sjølv. Det er nemlig utruleg mange tiggarar og fattige på gatene i Oslo. Og enda er Noreg eit av dei rikaste og beste landa å bu i...

onsdag, november 30, 2005

Utruleg uvesentleg informasjon

- eg haldt på å skriva unformasjon, berre slik at alle orda i overskrifta skulle byrja på u.
- eg stod opp klokka ti i dag.
- eg har dursa i dag.
- eg gler meg til desember.
- desember byrjar i morgon
- om tolv dagar har eg og Jo Sølve vore i lag i to år.
- om fjorten dagar skal eg ha eksamen i kjemi.
- eg kvir meg til den eksamenen!
- i dag skulle me nevna så mange levande organismar som me kunne komma på i biologien.
- eg snakkte eindel med ei som eg ikkje har snakka noko med før når me skulle gjera det.
- ho var koseleg!
- både eg og ho har sett ein elg i næraste fortid.
- eg såg min(e) elg(ar) når eg gjekk på tur i nordmarka med Jo Sølve på laurdag.
- no er eg svulten.
- men eg har mest lyst på godteri!
- og dessuten skal eg kanskje på onsdagsmøte på Fjellhaug for første gong i dag.

tirsdag, november 29, 2005

Tankar eg hra tenkt i dag:

- Noreg er utruleg flinke i skiskyting, for no vann både menna og damene stafetten i Østersund.
- Det er ekkelt å sjå på tv at "ein trikk spora av", når eg sjølv har teke to trikkar i dag...
- Ååååh så kaldt det er!
- Eg vil ha varm kakao
- eller kaffi
- Det er deilig å vera ferdig på skulen klokka ti!
- Eg vil ta ein varm dusj.
- Eg kvir meg til kjemieksamen!
- Og eg gler meg til jul!

mandag, november 28, 2005

Fysjom

I dag har eg gjort ein ting som eg for to år sidan håpte og trudde at eg aldri skulle måtta gjera igjen. Eg har hatt biologi lab, og skreve rapportar frå når eg hadde lab i kjemi....
Æsj altså. Tenk på det liksom: Elevøving 1, Hensikt eller føremål, utstyr, framgongsmåte, resultat, konklusjon, feilkilder og teikning.
Desse orda får meg til å vri meg og fnyse.

fredag, november 25, 2005

Idè etter Berit...!

Addisjon, Abel, derivasjon, rekker, integral, produkt, partal, divisjon, ruter, tal, subtraksjon, sum, vektor, prisme, logaritme, cosinus, multiplikasjon, sirkel, prosent, oddetal, naturlig logaritme, tangens, brøk, hypotenus, heiltal, firkant, desimal, teljar, sinus, sylinder, costangens, nemnar, avrunding, kroneverdi, x-akse, brøkstrek, trapes, linjal, absoluttverdi, diameter, erlik, primtal, kalkulator, volum, pytagoras, fart, funksjon, omkrets, graf, kvadratsetning, kule, geometri, parallellogram, kvadratrot, renter, kjegle, gradskjeve, reallønn, einingssirkel, likning, sannsyn, statistikk, y-akse, trekant, rombe, pyramide, arimetriske rekker, parameterframstilling, koordinatsystem, potensar, ulikhetar, eksponentialfunksjonar, trigonometri, binomisk sannsyn, strekningcosinussetninga, radius, negativ logaritme, sektor, areal, terning, standardform, konjugatsetning, katet, konsumprisindeks, koeffisientar, komplementere hendingar, geometriske rekker, gylne snitt, produktsetninga, vinkel, passar, sinussetninga, differanse, harmonisk svinging, kvotient, konstant, tid, akselerasjon, substitusjon, skalarprodukt, kombinatorikk, Bayes' setning, renters rente, ledd, standardnormalfordeling...

torsdag, november 24, 2005

Fantastisk plastisk!

Eg er i skikkelig godt humør no.
Ting som er bra i dag:
- me begynnte på 3mx i mattetimen. I og for seg er ikkje det så bra, men eg fekk liksom alt til, og det er ein utrulig deilig følelse. (me hadde om rekker...)
- eg var ferdig på skulen for over ein time til.
- om sju minuttar skal eg ta trikken heim for å laga meg middag.
- eg sit igjen med ei lita glede over at eg var på musikal med sagavoll fhs i går.
- i kveld kjem mor frå Lanzarote til Oslo, og eg gler meg til å sjå henna att!
- eg og Jo Sølve skal kanskje på "drivhuset" (bønne og lovsongskveld) i misjonssalen i kveld :)
- og viss ikkje så kan eg alltids sjå "Jakten på kjærligheten"...

Det einaste som trekk det heile litt ned, er at det regnar!!!!

onsdag, november 23, 2005

O lykke!!

No har eg hatt min siste kjemi-time før jul :)
Det vil seie at eg slepp å stå opp klokka sju, men kan stå opp klokka halv elve dei to neste onsdagane. Det vil og seie at eg kan få litt betre tid til å setje meg inn i stoffet på eigahand. Kjemi er jo tross alt det einaste eg skal ha eksamen i før jul, så eg burde jo klara den greit....

Ellers vil eg berre få meddela at eg er grusomt trøytt! Men det er nok fordi eg måtte opp klokka sju i dag (eller fordi eg ikkje kom meg i seng før midnatt i går), så det blir betre neste onsdag :)

tirsdag, november 22, 2005

Sol og lite skule!

Eg stod opp klokka 7 i dag, og skulle på mattetimane mine som byrja halv 9. Me skal til å byrje på 3mx i matten, og eg har sjølvsagt ikkje fått tak i dei bøkene enno. Eg satsa på at ho eg pleier å sitte ved sida skulle ha bøkene med seg, men ho hadde glømt at me skulle begynna på 3mx. Det var litt teit, for i mattetimane er me ganske avhengige av bøkene...
Så kom læraren inn med ei lita jente, og seier "jeg kan ikke bli lenge, for dattera mi er syk"...
FRI i dei to einaste timane eg skulle ha i dag... Eller, me fekk tilbake mattetentamenen som me hadde på laurdag med løysingsforslag.
FOR EIN HERLIG DAG! Klokka er nett runda12, og eg var ferdig på skulen for tre timar si :) Artig!

mandag, november 21, 2005

Lister:

ting eg har gjort i dag:
-sove til klokka 10
-dusja
-ete frukost
-vore på internett
-hatt to timar kjemi
-gått på bokbutikk for å sjå etter brukte 3mx bøker...
-gått frå bokbutikken uten 3mx bøker...
-ete lunsj på ein trikkhaldeplass
-vore meir på internett

ting eg skal gjera i dag:
-ha tre timar fysikk
-heim å laga meg ein enkel middag
-sjå finalen av top model
-soooova!

Spennande, eller??

onsdag, november 09, 2005

Killing some time

No er det tre kvarter til neste time, og sidan eg ikkje berre kan gå inn på rommet mitt i fritimen(sånn som på kongshaug), så sit eg altså framfor dataen. Eg sit her vel vitande om at eg eigentleg burde lesa på både kjemi, biologi, fysikk og matte! Det er ei av dei ekklaste kjenslene eg veit om! Eg kjenner meg liksom så dum når eg veit at eg burde gjort noko anna. Seinare tenkjer eg tilbake på denne stunda, med eit "Kva om eg berre hadde brukt den tida til å lese dette!".
Fysjom!
Nokon som kjenner seg att i dette?

Til slutt ei liste over ting eg skal (og ikkje skal) gjera før jul:
- ha eksamen i kjemi
- ha tentamen i kjemi, fysikk, biologi og matte
- ikkje kjøpa ein einaste julapresang... (iallefall nesten ikkje!)
- kjøpa nokre bursdagspresangar...
- støvsuga bilen til kjæresten til søstra mi
- gå på skulen både på laurdag og søndag :(
- gå på skulen laurdagen etterpå (når eg kunne vore på kongshaugfestivalen...) :(
- ikkje til danmark (this goes out to you, Berit... :) )
- drikka gløgg og skaffa meg julastemning (som sikkert forsvinn at når eg kjem ned i over 25 grader og sol på Lanzarote:) )
- benytta meg masse av mitt nya telefonabbonement
- gå på mange julekonsertar
og sikkert ganske masse meir...

onsdag, oktober 26, 2005

Snø :)

Det er snø ute. I går byrja det å snøa i Oslo, og snøen la seg på bakken. (Den forsvant ikkje berre, eller blei til slaps, sånn som i bergen og på Os...) . Det er utrulig fint når det er kvitt ute.
Eg får vinterstemning. Ikkje julastemning altså, men vinterstemning. Eg har ikkje leika skikkelig i snøen på fleire år, trur eg. Kanskje eg må ut å laga englar i snøen? Eller bygga snølykt? Eller snøhytta? Eller kanskje rettogslett berre ha snøballkrig. Medan eg akar. Ja, eg vil aka!!!

fredag, oktober 21, 2005

Juletrikk!

I Oslo har det komme nye trikkeruter, og trikken går no mykje oftare enn før. På grunn av dette har trikken ført ulike reklamemetodar. Her ein dag kom eg inn på ein trikk med juletre og "raudrutete" vindauger. Eg vart litt irritert, og tenkte "byrjar dei å feire jul i oktober? Kva er det med desse Oslo-folka?". Vel inne på trikken så ser eg plakaten "Ho- ho. Julen kommer visst tidlig i år. Det er nok fordi den tar trikken, som nå går mye oftere enn før." Då eg såg den plakaten så satt eg og lo litt for meg sjølv. Krativt var det iallefall.

I dag, på veg til skulen, kom bussen min 2 minutt forseint, så eg rakk akkuratt ikkje trikken min. (den køyrde vekk når eg var 10 meter i frå han". Eg blei litt småirritert. Så ser eg meg litt rundt, og ser ca sju personar kledd i nissedrakt. ei av dei kom bort å spurde meg om eg ville ha kaffi og peparkaker. Det er lenge sidan kaffi har smakt så godt! Juletrikk reklamen gjorde meg igjen i godt humør.

Hurra for trikken :)

Ps: Eg har hørt rykter om at det finns både påsketrikk og 17. mai trikk og... :) (Og påsketrikken har påskeharar som deler ut mjelkesjokolade :) ...)

tirsdag, oktober 18, 2005

Snart vinter?

Det er ekstremt kaldt ute!
Eg kvir meg til å gå ut igjen...
Men eg må snart komma meg heim!
Tenk om eg kunne trylla,då.
Då skulle eg ha trylla meg sjøl heim til ei sengo mi (som eg sjølvsagt trylla varm).

Ps: Leksjon i derivasjon:
f (x) = x²+15x-760
f ' (x)(leses: f derivert) = 2x+15
Gjett om eg har hatt da kjekt på skulen i dag, då?...

mandag, oktober 10, 2005

haustferien er over

Eg sit (som vanleg) på skulen, og berre ventar på at tida skal gå. Det vil seie: om halvannan time har eg fysikk, det ventar eg ikkje på, men etter tre timar fysikk kan eg gå heim, og det ventar eg på!¨
Jah, me lagar ei liste:
- Eg ventar på at eg kan gå heim å laga middag
- Eg ventar på muligheten til å sjå tv (men då må eg jo først heim)
- Eg ventar på juleferien, for då skal eg til Lanzarote :)
- Eg ventar på at eg skal gidde å gjere fysikk-leksene mine
- Eg ventar på at Jo Sølve, om nokre dagar eller veker, skal bli ferdig med stor historieoppgåve, så eg kanskje får sjå han igjen
- Eg ventar på at eg skal bli ferdig med realfaga mine...

Forresten så kunne eg ha bytta ut "Eg ventar på", med "Eg gler meg til"
Eg gler meg egentlig til masse. Det er bra!
Det er sol i Oslo, det er og bra!

onsdag, september 28, 2005

Realfagsfrustrasjon

Eg anbefalar ingen, ikkje nokon, å ta 2. og 3.klasse matte, kjemi, fysikk og biologi på eitt år. Det er slitsomt altså! Akkuratt når eg trur eg har forstått hovudpoenget i kapittelet, så er det noko nytt eg ikkje forstår. I boka er det 5 oppgåver som ser nesten heil like ut, men alle har kvar si veldig ulike løysing. Og eg skal liksom finne ut framgongsmåten for dei ulike oppgåvene...
Jaja, no er det iallefall snart haustferie. Den skal brukast til å leika med andre kongshaug/oslo ungar (medrekna Silje :) ), til å ta igjen alt det eg ikkje har forstått i dei ulike faga og til å sova!! :)
Kos dåke sålenge!!

tirsdag, september 20, 2005

Eg saknar faktisk kongshaug!

Eg saknar ein skule der alle kjenner alle.
Eg saknar lærarar som bryr seg om at alle får alt med seg.
Eg saknar kor-timane, og iallefall kor-opptredenane.
Eg saknar å bu så nært til datarom, skule, sjø og liknande.
Eg saknar song- og pianotimar.
Eg saknar eit kristent musikkmiljø.
Eg saknar eit musikkmiljø i det heile.
Eg saknar den interne humoren.
Eg saknar å berre kunne banke på døra rett over gangen for å vere sosial.

Men eg saknar ikkje den vanlege brømaten eller chilifisken.
Eg saknar ikkje det dårlige kollektiv-trafikk tilbodet.
Eg saknar ikkje alle prøvane og innleveringane.
Eg saknar ikkje å byrje på skulen klokka 8.
Eg saknar ikkje vestlandsværet.

torsdag, september 08, 2005

LAPPEN!!!! :)

Eg har lappen.
Eg kjørte opp klokka 8 i dag, og no har eg lappen! :)
Det er så deilig. Det er så sinnsjukt deilig.

Tru det eller ei, men eg har faktisk fått eit enno sterkare/tryggare forhold til Gud av å først stryke, og så stå på lappen. Eg har forsåvidt bedd til Gud før kvar oppkøyring, men det var ikkje før denne oppkøyringa at eg verkelig trudde at eg skulle klare det. Det var ikkje før denne oppkøyringa at eg stolte på bibelversa Be, og tru at du har fått det, så skal du få det (veit ikkje heilt koss versa i bibelen er, men dei er ca sånn
Eg stolte iallefall på Gud, og eg blei heilt rolig. Det kan anbefalas! Husk at det er lov å be om konkrete ting! Og stol på at han gjer det som er best for deg!

mandag, september 05, 2005

Stemma??!!

Eg er nitten år og førstegongsstemmar. Eg har aldri før interessert meg noko særleg for politikken. Dei siste vekene har eg prøvd å tvinga meg sjølv til å byrje med å interessere meg litt, men det er vanskelig. I dag tenkte eg at eg skulle gå å førehandsstemme, men at eg berre skulle ta ein liten tur å besøke alle sei ulike parti-standane først. Dette førte til at eg vart enno meir usikker enn det eg var før eg stod opp i dag. Kva skal eg stemma? Kvifor vil eg ha ei raudgrøn regjering? Kvifor vil eg ikkje ha ei raudgrøn regjering?

Nokon som kjenner seg att i valgets kvaler?
Nokon som har nokre gode tips til kva eg skal stemme, og kvifor eg skal stemme det?

Takk :)

mandag, august 29, 2005

Livet i Oslo byrjar å bli ein vane...

No har eg byrja å komme inn i det dagligdagse livet her i hovudstaden. Det er ganske kjekt. Eg veit når t-banane går utanfor huset mitt, eg veit når dei ulike timane byrjar på skulen min og eg veit korleis eg skal komma meg fram og tilbake til skulen, søstrene mine, jo sølve, frognerparken, Karl Johan+++++ Og eg trur eg trives meir og meir:)

Så må eg nevna at eg var på gratiskonsertane i frognerparken på laurdag, og det var bra!! Først var eg og såg på Oslo fillharmoni og Sissel+++, og så var det Ravi og Dj løvv før AHA tok over. Det var stufullt med folk så langt augo mine kunne sjå. Det var ei utrulig bra oppleving :) Ca 120000 mennesker gaulte med på "take on me" og alle andre gamle slagera.

No burde eg snart komma meg tilbake til skuleforberedelsane. Have fun in the sun!!!

fredag, august 26, 2005

Oslo og sånn

På måndag kom eg inn i min nye leilighet, begynte på ny skule, og eg har nesten blitt kjent med nye folk! :) Oslolivet er toppen. Men det er travelt! Iallefall foreløbig! Og så er det ein STOR overgang fra det kollektivlivet som eg måtte slite med på Konghshaug. Det går t banar og bussar HEILE TIDA! Og til seint på kvelden. Det er nesten som om det har opna seg ei heilt ny verd! :)

No sit eg på skulen (sjølv om det er laurdag), og eg skal ha mine siste timar i matte forkurs. Så sit eg å lurer på om eg skal gå på Hydro sin gratis-konsert i frognerparken. Den er ca 500 meter herifrå :) Men eg får sjå kva andre folk skal...

Dette blei berre masse rot, men eg har det bra!!!!
Klemmem

torsdag, august 18, 2005

Tilbake til gamle trakter?!

No sit eg på datarommet på Kongshaug, igjen. Det er litt sært, for eg skal liksom ikkje vera her. Feil personar går inn på våras (fjordårets tredjeklasse) sine rom. Og dei påstår at dei bur der. Eg må vel innsjå at eg er faktisk er ferdig med Kongshaug, og at eg bør sjå til å reisa austover snart. (Til Berit: eg reiser på søndagskvelden og er framme måndags morgon).

søndag, august 14, 2005

Og byrjinga på ein ny epoke!

Eg veit det er lenge sidan eg har vore innpå bloggen min, men det har vore ein travel sommar, og eg har vore utan internett heime, så... (no er eg å snyltar på onkelen min)
For dei som lurer så har eg ein super sommarjobb på kjøkenet på Stord Fylkessjukehus. Og for dei som lurer enno meir skal eg snart flytta til Oslo å ta realfag. (Eg skal bli smart :) ).
Eg har enno ikkje fått teke lappen, men i går kjørte eg 8 timar med berre ein liten middagspause:) Far seier at eg er flink, og at bilsakkyndige er dumme viss dei ikkje lar meg stå snart.
Men no må eg inn igjen til tante og onkel!
*Klemme på alle som er innpå sida mi*

onsdag, mai 25, 2005

Eksamen overstått

No har eg overlevd hovedinstrumenteksamen, så no er eg nøgd! Herlighet så deilig det er å vera ferdig. I dag har eg berre sotte og sett på alle i klassen min, og dei er så sinnsjukt flinke! Eg er utrulig stolt over kvar og ein!!!

mandag, mai 23, 2005

Eksamensnerver!

Eg likar å syngja for folk! Eg tykkjer det er kjekt å driva med musikk! Så kvifor i alle dagar må eg få desse skjelvande beina og sommarfuglane i magen for kvar vesle framføring eg utfører? Slik er det til vanleg, så eg lurer på korleis det skal gå i morgon når eg skal ha EKSAMEN I SONG! Ordet eksamen er eit av dei få orda eg verkeleg avskyr. Det knytter seg i heile meg når eg tenkjer på dette formelle og ekle ordet. Ein dag kan øydeleggja eit heilt vitnemål.

Eg har vore på nrk "puls" sine nettsider, og der gav dei tips på korleis ein skal klare seg gjennom desse dagane. Desse sidene er iallefall å annbefale til alle som slit med same problem som eg gjer. Lukke til med eksamenstida!

søndag, mai 22, 2005

Snaaaart Ferdig!!!

Eg er snart ferdig med mi siste norsk innlevering på vidaregåande, eg er snart ferdig med mine fem eksamenar, eg har hatt min siste prøve for i år, og eg trur eg difor kan sei at eg snart er ferdig med Kongshaug. Det er så sært!!!! Eg veit ikkje om eg vil! Men eg er drittlei skulearbeid for tida, så det skal bli deilig med ferie!

Eigentlig så skulle eg ikkje på internett, men eg prøver febrilsk å hente litt inspirasjon til norskstilen min...
Men eg må skrive igjen no!
Sånn at eg snart blir ferdig :)

lørdag, mai 07, 2005

Jada, april er og ferdig..

Som kanskje nokon har oppfatta; eg har hatt det travelt. Dette har resultert i at eg ikkje har fått oppdatert bloggen min på ei stund, men no skal eg altså gjera det!

Så får eg fylgje vanen min, og skrive litt om månaden som har gått...
I april har eg:
- vore med, og hatt ein av rollane, i musikalen "kva er eit menneske".
- fått meg bærbar data :) :)
- (som eg har nevnt før) strøke på lappen for andre gong...ÆSJ
- søkt på skular og jobbar
- blitt russ, og gått gjennom ein ekkel russedåp.
- fått min beste karakter i ensembleleiing nokon sinne...
- vore på klassisk konsert i grieghallen (harmonien)
- hatt konsertar med gospel-bergen :)
++++++

Eg har sikkert gløymt ein heil masse...menmen.

Klem!

mandag, april 25, 2005

Æææææsj

Gitt om eg klarte å stryka på lappen enno ein gong då...
Men herlighet! I am a strong women!!! hahahaha
Neidå. Eg er faktsk ved godt mot, nesten. Uten om teite ekstra kostnadar skal eg nok komma meg vidare i livet.

Eg kjem snart tilbake med meir informasjon!
Have fun in the sun sålenge!
-Åshild-

søndag, april 10, 2005

Mars = ferdig

No er eg litt på etterskudd, men eg kan likavel fortelje kva som har skjedd i mars...

Eg har gjort ekstremt mykje skulearbeid!
Eg har øvd til musikalen, skulen si storsatsing i år :) (som me viste i går)
Eg har blitt sint på køyrelæraren min som berre glømte å bestilla ny oppkøyring til meg i over ein måne!!!æææsj!
Eg har køyrt bil :):):):)
Eg har begynt å gle meg til mi andre oppkøyring, og håpar at den går bra!
Eg har songe på gudstenesta med gospel bergen.
Eg har sendt sommarjobbsøknadar :)
Eg har flytta...

Eg har sikkert gjort rimelig masse som eg ikkje kjem på no-og :)

Hejdå!

tirsdag, mars 29, 2005

Flytting

For ein påskeferie.... :)
Med blanda kjensler ser eg tilbake på den travlaste påskeferien eg nokon gong har hatt. Familien Aadland bur plutselig i kanten av eit byggefelt istadenfor i ein stor prestegard. Heile ferien gjekk med til å pakka, flytta, pakka ut og vaska. Jaja, eg skal kanskje ikkje klaga. No får eg foreldre på Lanzarote, eit hus på Fitjar som eg kan disponera fritt (med boblebad:) ) og kanskje, viss eg får lappen, ein bil eg kan tjulåna! :)

Hadetbra folks!

tirsdag, mars 08, 2005

Nesten ferdig :)

No har eg skreve 3 innleveringar og hatt 2 prøvar. Så var heldigvis det meste skulearbeidet for denne veka ferdig!!!! Det er ei herleg kjensle:)

Ellers er eg litt irritert i dag. For over ein måne sidan ba eg køyrelæraren min bestille ny oppkøyring, men når eg ringte han i dag hadde han gløymt det. Er det mogleg????

Jaja, no må eg arbeidde med den siste innleveringa eg har denne veka.

Eit lite spørsmål til slutt: Kor masse pengar er det lov til å bruke på snop i veka?

onsdag, mars 02, 2005

Åj så slitsomt!!

Herlighet så masse som skal gjerast denne veka:

Eg har religionsinnlevering til fredag, historieinnlevering til fredag, norskstil til måndag, nord/sør innlevering til tirsdag, musikkorienteringsprøve på tirsdag, ensembleleiingsprøve i måro, norsk leska til i måro, ei anna religionsoppgåve som ikkje skal vera inne før om ei veka eller tre, ææææææææææææææææææææsj
(I tillegg er det "villafest" i kveld, møteveke, teaterøving i helga++++)

Viss nåken føler for det, så gjer det ikkje noko om dåke nemner denne veka mi når dåke pratar med Gud.

mandag, februar 28, 2005

Februar snart ferdig?

Denna månaden har gått enno fortare enn januar. (kanskje ikkje så rart i og med at den er nokre dagar kortare)...
No er eg iallefall vel heime i Noreg, og godt tilbake att på skulen.

Ting som har skjedd denna månaden:
Me har jobba ei heil veke+ masse meir med særemnet vårt i norsk. Eg har vore i Afrika. Der var me på Safaria og marknaddar++++++++Det har vore den store kongshaugdagen. Eg har blitt nitten år:) (i Afrika). Eg reist til oslo for 5 kroner. Eg har vore gratis på spellemannsprisen. Eg har møtt Jostein Hasselgård(vore på teater).+++
Eg kan rettogslett ikkje få sagt alt eg har gjort, men eg har opplevd mykje!

Så må eg få sagt at det var ein tabbe at det ikkje stod noko på Miriam i forige bloggen min, men då kan eg sei at eg fann ut at ho er livredd for småkryp...

Ha ein strålandes dag!!!

søndag, februar 13, 2005

AAAFRIKAAA

No har eg vore to dagar i kenya, og i gaar reiste me til Uganda. Eg trur aldri eg har opplevd noko liknande. All reisinga har gaatt fint, og foreloepig er ingen sjuke. Me har nesten 30 varmegrader, og me bada i basseng baade i gaar og i forgaars. I gaar var me paa safari, og eg saag 11 sjiraffar, ein haug med sebraar, nokre nashorn og sinnsjukt mongen andre dyr. Tida her nede gaar sjukt fort, og det er heiletida noko aa gjere paa.

Ein liten opplysning om kvar enkeltperson paa turen:
- Signe har problem med aa henge opp myggnettingen sin.
- Birgitte har vist at ho kan vera ganske toeff.
- Erik skriv mange sider i dagboka si kvar dag.
- Marthe syns nesten ikkje det er varmt her, det er berre slik som det skal vera.
- Ole er flink til aa prute.
- Miriam
- Jorun et pommesfrittes til kvar middag, og drikk alltid cola.
- Anker spring rundt og vil oppleve mest mogleg.
- Jan Magne er fryktlig lite kontrollerande!!
- Meg sjoel er glad for at me enno ikkje har maatta gaa paa "haal i bakken" do!

Stor klem til norge!!

mandag, februar 07, 2005

Afrika, here i come!!!!

Så var det på tide med oppdatering av bloggen igjen. For tida er det naturleg å skrive om Afrike, i og med at det berre er tre dagar til eg reiser. Eg gledar meg heilt sjukt!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Me reiser klokka 05:00 på torsdag, og må sitta på fly nesten heile dagen. Tenk då: når dåke har pøsande regn, eller snø, og termometeret måler +/- 0 grader er eg nede i varmen og kosar meg. :)

For dei som ikkje veit det så skal eg til Tanzania, Uganda og Kenya. Turen varer berre i 12 dagar, men eg trur kanskje det vert nok og. Så får me sjå om eg ikkje kan få oppdatert bloggen min i Afrika og. Viss ikkje så veit dåke iallefall kvifor eg ikkje skriv.

*Åshild, som har byrja å få reisefeber* :)

mandag, januar 31, 2005

Januar - ferdig?

Fyttig grisen så fort tida går. No er jo januar snart heilt ferdig, og eg tenkte eg kunne ha ein liten oppsumering av det om har skjedd meg den siste månen:
Eg har, for første gong i mitt liv, hatt tentamen i song. Eg har fått karakterane for første halvår i siste år på vidaregåande. Eg har vel vore på min første audition ever... (musikalen på skulen :) hehe). Eg har funne ut kva eg skal bli. (Sjå tidlegare blogg-innlegg). Eg har skulka tre dagar på grunn av køyring (til inga nytte). Eg har vore på utdanningsmessa og informasjons dagar. Eg har sunge på 3 ulike plassar 3 dagar på rad :) . Eg har vore i byen nesten kvar dag...(iallefall fleire gongar pr veke...). Eg har vore heime frå Kongshaug to helger på rad(heilt eksepsjonelt!!!).

Jaja, det var iallefall noko av det som har skjedd. No er det nemlig på tide å sjå framover. Eller?!

fredag, januar 28, 2005

Vasking

Å vaska, no vaskar eg, i går vaskte eg og eg har vaska. Berre så synd at å bøya eit slikt verb ikkje hjelper meg med å komme i gong!!!!! Rommet mitt ser litt bomba ut nett no, og det hadde trengt ein vask! Viss nåken tilfeldige forbispasserande på sida mi har tips om korleis eg skal få lyst til å vaska, så legg gjerne igjenn ein kommentar!!!!!!!
(Grunnen til at eg sitt nede på datarommet nett no, er at rommet mitt er for rotete til å vera på...)

torsdag, januar 27, 2005

Billappen?

Eg har forsøkt å ta lappen i dag, uten særlig stort hell. Det var mitt første forsøk, og eg var rimelig nervøs. I det siste har eg tenkt ganske masse på dette med billappen, og eg har sammenlikna det litt med å vera kristen. Mongen har lappen - mongen er kristne. Mongen vil ta lappen, men får det ikkje til - mongen vil vera kristne, men får det ikkje til. Mongen feilar eit par gongar, medan andre kan ikkje hugse noko anna enn at dei har hatt lappen - mongen feilar i kristenlivet sitt, medan andre ikkje kan hugse anna enn at dei har vore kristne. Nokre misser lappen i løpet av livet - nokon fell vekk frå trua...

Heldigvis er det ikkje slik at du må ha lappen for å komma til himmelen.
Så skal eg komma sterkare tilbake på mi andre oppkøyring!!

søndag, januar 16, 2005

Endelig har eg svar på det som alle spør meg om...

Heilt sidan eg var ei lite jente er det monge som har spurt meg: "jaja, kva skal du bli når du vert stor då, Åshild?" Og ja, no har eg bestemt meg. Plutseleg gjekk alt opp for meg, og eg har ikkje berre funne ut kva eg vil bli, men kva eg skal til neste år.

*Trommevirvel*...OPTIKAR!
Eg vil arbeida med folk, og eg vil gjere noko LITT teknisk. Det er jo perfekt. Så skal eg studere i byen Kongsberg. Så dersom ikkje alt skulle skjera seg no, så er framtidsplanane i boks. Iallefall for ei stund.

lørdag, januar 15, 2005

Endelig...

Så fekk eg og endlelig meg ein blog. Dette er gode saker. Det er slikt som skjer når eg er heime ei helg, for då er det ikkje alltid at det er så masse å finna på...

Jaja, for alle som eventuellt skulle vera litt interesserte i å vite kva som hender i mitt spennande liv: følg med!