søndag, februar 19, 2006

Ein ny start?

Eg hadde ein fin dag i går, der mange hugsa på meg, og med besøk av familie (altså syskjen) og kjærestar på kvelden. Me hadde gryterett til middag, og is med bananer og bjørnebær til dessert. Og så fekk eg kaka med 20 lys :) Og masse fine presangar! Og kanskje endo litt meir oppvask? Men den fekk eg hjelp til, så det var herlig!!

Kvar gong eg vert eit år eldre, eller kvar gong eg skal byrja på ny skule, eller kvar gong eg skal byrja på eit nytt år, eller på eit nytt skule år (altså sjølv om det ikkje er ny skule), og iallefall no når eg har komme inn i eit nytt tiår, så tenker eg tankar som:
- Eg skal bli eit betre menneske!
- Eg skal bli flinkare på skulen!
- Eg skal bli flinkare til å halda system og orden! (inkulderer vasking og rydding :P )
Og mange andre tankar svirrar rundt i hovudet mitt. Det er som om eg føler at eg får blanke ark. At eg kan forandra meg så masse eg berre vil.
Men kor masse vil eg, og kor masse kjem eg til å forandra meg?

lørdag, februar 18, 2006

BURSDAG!

I dag vert eg 20 år. Vesle meg er 20! Dette er litt rart, men eg trur eg kan lika det!

onsdag, februar 15, 2006

Makkarni og pølser

I dag stod eg opp klokka 07.10, åt mat, stelte meg og var ute av døra 07.40 før eg satte meg på bussen - vel framme på skulen klokka 08.29. Etter tre langsame timar med kjemi, tre langsamare timar med biologi og tre langsamaste(!) timar med fysikk etter der igjen, sprang eg av garde for å vera med på den siste timen av "Gamle Kongshaugianar koret" si andre øving. Så bar det rett heim til kjøkengrytene der eg laga, ja du tippa rett, makaroni og pølser (annkomst ca 09.00). Det smakte ganske godt til resultata av IDOL. No er dei resultata nett ferdige, og eg føler at eg har fått ganske lite ut av dagen min. Det vil sei: eg har absolutt vore nok timar på skulen, men det er liksom ikkje så mange krefter at når eg kjem heim. Det føles som om eg bør legga meg med ein gong. Eg er iallefall fryktelig trøytt!!!

Sidan det er så populært, så må eg legga til at eg hadde ein veldig fin valentinardag i går :) Eigentleg tykkjer eg ikkje at den dagen er så veldig viktig å markere stort, men det er jo ein grei unnskylding til å letta litt på lommeboka å eta "så masse du klarar" på ein herlig mongolsk restaurant i lag med Jo Sølve. ;)

PS: det er berre 3 dagar att til eg vert 20 år! Oj, det er litt sært! Menmen :)

lørdag, februar 11, 2006

OL

Olympiske leiker!
Eg likar det. Eg har venta på det leeenge! Eg ser på det no, eg skal sjå på det seinare i dag, og eg skal sjå på det utover desse 16 dagane. Ikkje heile tida, for eg skal ha tid til mykje anna. Men eg tykkjer det er kjempemoro å sjå på dei flinke norske utøvarane som er med.
Hurra for skiskyting?

torsdag, februar 09, 2006

Prøverom!




Det er eit kjent faktum at alle jenter elskar å gå i butikkar. Dei kan gå i timevis og sjå på nye klede. Dei går fram og tilbake i ulike butikkar, og kan prøva uhorveleg mange kleder på. Tusenvis av kroner sildrar ut av lommebøker kvar einaste dag.

Kvifor er ikkje eg slik? Eg tykkjer det er veldig kjekt med nye klesplagg og tilbehør altså, men å bruke heile dagar på å gå i butikkar? Eg byrjar nesten å fryse på ryggen når eg tenker på dei lange køane. Først ein kø for å få eit prøverom, så inn å prøve att med nye klede. Og etter dette må ein gjerne stå i lengre køar for å betale det heile - med pengar ein eigentleg ikkje burde bruka. Dessutan er det vanskelig å finna det eg vil ha, spessielt når folk står i ein butikk som sild i tønner i kvar einaste butikk i heile Oslo...

Løysinga mi er derfor å gå i fritimane mine. Klokka 11 på tysdags formiddagar, då er det min tur til å fosyne meg av dei herlege varene i butikkane. Watch out! :)

tirsdag, februar 07, 2006

Og me frydar oss...

Eg vil starte denne bloggen med å le litt av meg sjølv. Heile oppveksten min har eg fått inn i hovudet mitt at eg skal sei "måndag". Eg har og fått inn at eg skal skriva "måndag". Etter kvart som tida har gått, så har dette byrja å skli litt ut, og eg seier ofte "mandag". Eg las nett over den forige bloggen min og ser at eg har brukt ordet "mondag" fleire gongar, og det har eg gjort helit utan å tenke over det. Og eg veit ikkje kvifor. Eg seier verkelig ikkje mondag! Jaja...sånn er det. Det er jo nesten som den tyske "Montag", er det ikkje? Eg skal la det stå slik, og så skal eg le litt av meg sjølv kvar gong eg tenker over det! Eller kanskje eg skal byrja å sei "mondag", med ekstra trykk på o-en.
(med fare for at nokon tykkjer eg er litt teit som er oppteken av teite språklege feil)

Dette er ein sløvedag. Eg var ferdig på skulen klokka ti, og har ikkje gjort noko fornuftig etterpå. (klokka er no halv 3) Men det er litt deilig å berre slappa av. Dessutan vurderer eg å gå ein tur i tøyenbadet seinare i dag. Eg har ikkje vore der sidan sist eg skreiv om det på bloggen min, så no er det på tide med ein ny symjetur!

Ha ein strålande dag!

søndag, februar 05, 2006

Helga er snart over...


...og i morgon er det skule att. Kvifor går helgene så fort? Heilt frå mondagen går eg og ventar på helg. Så kjem det helg, før den forsvinn att. Deretter fylgjer ein ny mondag, og nye ventingar på helg. Dette er då lite lurt i lengda. Burde eg ikkje heller nyta vekene i stadanfor å heile tida glede meg til det som kjem? Det er iallefall ingen tvil om at fridagar er deilig!
Hurra for helg og feriar :)

torsdag, februar 02, 2006

Blod, jern og kiloar!

I dag var eg på Ullevoll sjukehus for å sjekka om eg egnar meg som blodgivar. Først måtte eg svara på rundt 50 spørsmål, og så tok eg den første blodprøven eg kan huska at eg nokon gong har teke. Eg måtte fylla opp sju små glas, for no skal dei testa blodtypane mine, om eg er gulsott, hepatitt eller HIV-smitta, og om eg har rett blodprosent osv. Dette er litt skummelt. Men eg håpar at det går fint. Ja, og så sa dama som undersøkte meg at eg var i lettaste laget til å få lov til å få gje blod, så derfor sjekka dei blodtrykket mitt og spurde meg ut om kosthaldet mitt. Alt det var i skjønnaste orden, men eg fekk med meg ein liten haug med jerntablettar med meg heim, for blodprosenten min kunne godt vera enno litt høgare viss det skulle gjevast bort. (Prosentan var visst innanforbi normalen, men men...) Dei måtte stikka i begge armane før det strøymde ut blod, men ellers gjekk det fint.
Då eg gjekk fekk eg velga mellom ein sekk, ein paraply, eit vinglas, eit handklede eller å donera 50 kroner til ein organisasjon. Eg var egoistisk og tok sekken. Og så prakka dei på meg slikkepinne, penn, notisblokk, klistremerket, refleks, nøkkelring og informasjonshefter.

Eg vil anbefale fleire folk til å gje blod! Det er ein bra ting!!