Ny tagge leik (som eg iallefall ikkje har vore med på før)
Mi venninne Linda har tagga meg, og her er reglane:
Ta opp den boka som er nærast deg. Slå opp på side 123 og finn den femte setninga. Skriv ned dei neste tre setningane. Tag fem personar, og fortel kven som tagga deg.
Dei aller næraste bøkene mine er lommeboka og studentkalendaren min. Sidan dette blir for kjedelig å skriva om (i studentkalendaren min er side 123 den 27 november, og den dagen noterte eg visst ingenting!), så tar eg den nest næraste boka, nemlig nynorsk ordliste. (Er eigentleg litt usikker på kva som var den næraste boka, for bokhylla mi er rimeleg nær. Denne boka var nok likevel litt framfor dei andre bøkene). På den 123 sida, "setning" 5-7, står det;
høgborg|a
høgbrot(t)|et
høgbygg|et
Morosam leik, men trur ikkje at eg gidd å tagga nokon i denne omgong... Men eg takkar Linda for at eg klarte å oppdatera bloggen min i juni ;) Får sjå om det ikkje blir fleire innlegg snart!!!
søndag, juni 15, 2008
fredag, februar 29, 2008
onsdag, januar 30, 2008
Ludo....
Abonner på:
Innlegg (Atom)