onsdag, september 28, 2005

Realfagsfrustrasjon

Eg anbefalar ingen, ikkje nokon, å ta 2. og 3.klasse matte, kjemi, fysikk og biologi på eitt år. Det er slitsomt altså! Akkuratt når eg trur eg har forstått hovudpoenget i kapittelet, så er det noko nytt eg ikkje forstår. I boka er det 5 oppgåver som ser nesten heil like ut, men alle har kvar si veldig ulike løysing. Og eg skal liksom finne ut framgongsmåten for dei ulike oppgåvene...
Jaja, no er det iallefall snart haustferie. Den skal brukast til å leika med andre kongshaug/oslo ungar (medrekna Silje :) ), til å ta igjen alt det eg ikkje har forstått i dei ulike faga og til å sova!! :)
Kos dåke sålenge!!

tirsdag, september 20, 2005

Eg saknar faktisk kongshaug!

Eg saknar ein skule der alle kjenner alle.
Eg saknar lærarar som bryr seg om at alle får alt med seg.
Eg saknar kor-timane, og iallefall kor-opptredenane.
Eg saknar å bu så nært til datarom, skule, sjø og liknande.
Eg saknar song- og pianotimar.
Eg saknar eit kristent musikkmiljø.
Eg saknar eit musikkmiljø i det heile.
Eg saknar den interne humoren.
Eg saknar å berre kunne banke på døra rett over gangen for å vere sosial.

Men eg saknar ikkje den vanlege brømaten eller chilifisken.
Eg saknar ikkje det dårlige kollektiv-trafikk tilbodet.
Eg saknar ikkje alle prøvane og innleveringane.
Eg saknar ikkje å byrje på skulen klokka 8.
Eg saknar ikkje vestlandsværet.

torsdag, september 08, 2005

LAPPEN!!!! :)

Eg har lappen.
Eg kjørte opp klokka 8 i dag, og no har eg lappen! :)
Det er så deilig. Det er så sinnsjukt deilig.

Tru det eller ei, men eg har faktisk fått eit enno sterkare/tryggare forhold til Gud av å først stryke, og så stå på lappen. Eg har forsåvidt bedd til Gud før kvar oppkøyring, men det var ikkje før denne oppkøyringa at eg verkelig trudde at eg skulle klare det. Det var ikkje før denne oppkøyringa at eg stolte på bibelversa Be, og tru at du har fått det, så skal du få det (veit ikkje heilt koss versa i bibelen er, men dei er ca sånn
Eg stolte iallefall på Gud, og eg blei heilt rolig. Det kan anbefalas! Husk at det er lov å be om konkrete ting! Og stol på at han gjer det som er best for deg!

mandag, september 05, 2005

Stemma??!!

Eg er nitten år og førstegongsstemmar. Eg har aldri før interessert meg noko særleg for politikken. Dei siste vekene har eg prøvd å tvinga meg sjølv til å byrje med å interessere meg litt, men det er vanskelig. I dag tenkte eg at eg skulle gå å førehandsstemme, men at eg berre skulle ta ein liten tur å besøke alle sei ulike parti-standane først. Dette førte til at eg vart enno meir usikker enn det eg var før eg stod opp i dag. Kva skal eg stemma? Kvifor vil eg ha ei raudgrøn regjering? Kvifor vil eg ikkje ha ei raudgrøn regjering?

Nokon som kjenner seg att i valgets kvaler?
Nokon som har nokre gode tips til kva eg skal stemme, og kvifor eg skal stemme det?

Takk :)