onsdag, desember 20, 2006

Lanzarote :)



Det er sååå godt med sol og varme, avslapping og null stress!! Her er litt av utsiktene herifrå:

lørdag, desember 16, 2006

Om det å ha julaferie


Eg har julaferie. Eg hadde 4 vanskelege og tidkrevjande eksamenar, men no har eg julaferie. For eit deilig ord. Det er over tre veker til eg skal tilbake til skulen att. Tidleg på måndagsmorgonen går flyet mitt til lanzarote. Det er masse som må gjerast før eg reiser, men det gjer ingenting - for eg har JULAFERIE!!

tirsdag, desember 12, 2006


Han her har klart å halda ut med meg i tre år. Tre år!! Ikkje dårlig:P

mandag, desember 11, 2006

3finito, men 1 att

Smak litt på ordet "ferie". Deilig ord? No er det berre 4 dagar att til eg har ferie. Det er ikkje dårlig. Men først må eg pugga så masse eg kan klara å stappa hjernen min full med til årets siste eksamen. Håpar eg finn litt inspirasjon til å verkeleg gje alt eg har dei siste dagane. Eg skal ikkje sei noko om korleis det har gått på dei forige eksamenane mine, for eg er rett og slett ikkje sikker! Men det ordnar seg vel etterkvart. Gjevner seg ut på årsbasis ;) Vonar alle har det fint i sin siste inspurt/ får ein finfin start på ferien!!

søndag, desember 03, 2006

Første søndag i advent


"Så tenner vi det første lys..." nanana

I gårkveld klarte eg for første gong i mitt liv å verkeleg skremma nåken. Sånn skikkelig. Det var morsomt det :P Dei blei faktisk så redde at han eine måtte ha to røyk før han klarte å pusta normalt igjen :P

I morgon er det matte-eksamen som står på planen. Har eg øvd? Nei, ikkje no. Har eg hatt ein liknande eksamen før? Ja, det har eg. Gjekk den greitt? Ja, igrunnen. Kvir eg meg til i morgon? Nei...

God advent, folkens!! ;)