mandag, januar 30, 2006

Jajajajajaja

*Eg er blitt meir avhengig av kaffi enn eg har lyst til å vera.
(Kaffien i livet mitt burde få sitt eige innlegg på bloggen min, men kanskje seinare...)
*Helg er herleg, men i dag er det måndag, så no er det lenge til neste helg.
*I dag kjøpte eg meg nye sko, og eg trur eg er nøgd :)
*Eg skal ha meg ny bokse!!!! Eigentleg helst i fleirtal...
*Og ny frisyre!!!
*Det er mykje kjekkare å sitta på internett enn å gjera fysikk!!!!!!!!!!
*Oslo er ein bra by å bu i, og eg ville nok budd her til neste år, hadde det ikkje vore for at optikarskulen ligg i Kongsberg.
*Eg har alt for lite tid til å gjera alt eg skal!

Kan me utvida døgnet? Eller laga fleire dagar i veka?

onsdag, januar 25, 2006

Lite innblikk frå Lanzarote :)


Eg har fått bileter i posten, og tenkte berre at eg skulle dela eit av dei med alle kjære som kjem innom bloggen min. Biletet er frå den næraste stranda til foreldra mine.

Eg må berre få legga til at eg var i Tøyenbadet i dag, og eg crawla og brystsømde meg over 1000 meter (trur det var 1200, men det var ikkje så lett å halde styr i tellinga). I dag er eg skikkelig støl, men tenker likevel at dette kan bli ein del av kvardagen min. Herleg å ta seg litt ut!

mandag, januar 23, 2006

Landet der tida var borte...

...og ein kunne drøyme seg vekk medan ein las ei god bok. Det var ingen skule eller anna som hasta, fordi tida ikkje fantes. Eg veit ikkje kor monge gongar eg har tenkt tanken "Tenk om eg kunne ha stoppa tida litt. Då skulle eg ha lest så masse til alle prøvar og eksamenar, eg skulle alltid hatt det ryddig og fint i huset og så skulle eg spandert så mykje meir tid på kvar einaste venn eg har."

Tenk så mange fleire filmar eg skulle ha sitt. Og kanskje fått i meg fleire tusen kaffikoppar - saman med folk eg likar! Eg skulle utan tvil ha reist! Opplevd store deler av verda, og prøvd å hjelpe der fattigdommen har teke overhanda.

Men eg har ikkje meir tid enn eg tek meg. Og no er det tid for å sova. Eg skal på skulen klokka halv ni i morgon, og eg har enno ikkje fått forberedt meg til mattetimane. Det er litt dumt! Men de veit, eg skal ta det att........når eg får tid!

lørdag, januar 21, 2006

Små oppdateringar på kva som skjer i livet mitt:

- Matteprøven i går enda med at eg såg prøven, skreiv nokre tal på eit blankt ark, putta alt i sekken min, og tok den med heim. Og no har eg gløymt å ta den opp att. På Bjørknes bryr dei seg nemleg ikkje om me leverer prøvane eller ikkje. Så eg tenkte eg heller skulle gjera den her heime. Men ikkje nett no.

- I går var eg hos Anne Lene og feirte 21års dag. Det var kjempekoselig. Masse kjekke folk, deilige kaker og morosame leikar!

- Eg vakna for fem timar sidan, men har ikkje gjort ein einaste fornuftig ting i dag.

I ettermiddag skal eg til Inger Elisabeth for å eta graut, og så skal me sjå "stolthet og fordom" på kino. Så får me sjå om me kanskje klarar å lokka Jo Sølve med på filmen. Det er kanskje ikkje heilt hans favoritt? Det gjenstår å sjå...og me kan jo berre senda han heim viss ikkje :P

Det er kaldt ute. Fryktelig kaldt! Og masse snø! Difor gler eg meg ganske masse til sommaren:)
Men no er det snart skiskyting på tv!

fredag, januar 20, 2006

Snart helg...

...berre ein liten matteprøve først!

Eg er, som mange andre på denne tida, ein smule smitta av den ekle forkjølelsesbasillen. Men eg er eigentleg på betrengsveg, så eg skal ikkje klaga lengre!

4 minuttar til matteprøven

I kveld skal eg til Anne Lene, for ho har bursdag! Hipp hurra for Anne Lene og for Sara Maria (som og har bursdag i dag)!

3 minuttar til matteprøven

Det skjer ikkje så masse i Oslo sånn utenom.

2 minuttar til matteprøven

Men eg har rekna eindel matte i det siste.
No loggar eg meg av msn.

1 minutt til matteprøven

og no går eg ut herifrå og!

torsdag, januar 12, 2006

Kokk eller optikar?

For dei som ikkje visste dette: for fire år sidan søkte eg på vidaregåande skular. På førsteplass hadde eg musikklinja, på andreplass hadde eg musikklinja med dans som valfag. Dette er kanskje ikkje så sjokkerande, men tredjeplassen: hotell og næringsfag på Fitjar vgs! Haha. Meg på kjøkkenet. Men eg hadde faktisk lyst til å bli kokk. Det var ikkje før for ca eit år sidan at draumen min om optikar byrja. I går fekk eg studiekatalog frå høgskulen i buskerud i posten. Fy søren, eg gler meg!!!!!!! Til hausten skal alt bli bra, så det så!

Dagens spørsmål: Kor ser de meg helst for dykk?
a) på eit storkjøkken
b) i ein optikarbutikk
c) anna
(Dersom de vel alternativ c bør det og føra på namn på yrke/arbeidsstad)

Dette kan verta moro!

tirsdag, januar 10, 2006

Kapittelet om tannlækjaren...

I desember bestillte eg time hos tannlækjaren min. Det er to og eit halvt år sidan sist eg var, og slikt pleier ikkje vera bra. Dette har ført til at eg har kvidd meg fryktelig. Heil overbevist om at det skulle skje litt borring eller rotfylling, eller noko enno fælare... I heile formiddag var eg skikkelig nervøs, og hadde faktisk vondt i magen.

Men all denne uroa var til inga nytte. Eg hadde null hull, eller "kariesfri" som det stod på rekningen min. Og rekningen kom difor berre på 75 kroner. Eg som hadde frykta så mykje meir. Så utrulig deilig å vera ferdig med det!!

I tillegg til at tannlækjarhistorien min enda bra, så fekk eg sjå Jo Sølve etterpå. 3 veker og 2 dagar er rimeleg lenge å vera utan kjærasten sin. Det var kjekt! Han er snill! Og så fekk eg afrikating hos han og foreldrene :) Slikt likar me! Ja, og så skal meg og han sjå Narnia-filmen i morgon. Eg gler meg!!!!

søndag, januar 08, 2006

Slik er beyrjinga på det nye året:

- eg har hatt litt søvnmangel etter flyturen heim frå Lanzarote, så eg har sove mykje!
- skulen byrja for fullt, og eg føler allerede at eg ligg etter med alt eg skal gjera.
- i går var eg på møte i misjonssalen, og det var ein utrulig bra, men ganske sterk og fryktelig treffande tale!!
- eg har fått litt vondt i halsen etter kuldesjokket, men trur heldigvis ikkje det utviklar seg til noko meir.
- i dag skal eg på søndagsmiddag hos søstera mi, og etterpå skal me i storsalen.
- eg har funne ut at eg må ha Heine Totland si plate! (det var reklame for den på tv no, og eg likar den!)
- eg har og funne ut at det kan vera fryktelig kjekt å søka på venner og andre kjente folk på internett. Eg har ledd ekstremt mykje av gamle ting som ligg på nettet! Artig altså!

Ellers har det skjedd skuffande lite den siste veka...
Og dessutan saknar eg Jo Sølve! I dag er det tre veker sidan sist eg såg han. Fysjom altså! Men no kjem han snart tilbake han og!

tirsdag, januar 03, 2006

Godt nyttår!!!

Jada, eit nytt år! Eg føler nesten at det byrjar å bli ein vane. Det går så fort. Eg trur kanksje snart at eg ikkje klarar å følje med lengre...

Ellers så ser det plutseleg ikkje så lyst ut for Messias i Nidarosdomen for min del. Søstra mi forlova seg i jula, og dei planlegger bryllupsdatoen til den 15. juli, og det er jo litt teit... Men det er ikkje heilt sikkert at eg ikkje kjem! Eg vil jo!

Ellers så vil eg berre få meddela at det er fryktelig kaldt i Norge. Iallefall i Oslo. Særlig i forhold til Lanzarote...!